Bønner, urter, salat og egg!

Kvite bønner, raude bønner, kikerter, linser... Utvalet er stort, og bruksområda likeså. Har du ikkje prøvd dette særleg før? Mange tenkjer at desse matvarene tek altfor mykje av tida di til matlaging. Nokre trur òg at bønner og erter smakar null komma niks. Gi denne enkle retten ein sjangse, og du vil ha tid til å kjenne på alle dei gode smakane ~ og du blir mett! Ein av mine favorittlunsjar!


Ingrediensar:

  • 3-4 ss av Delikat sin "Grønnere middag - bønner og oliven med Middelhavsurter"
  • 1-2 egg

  • Smørklatt

  • Salatblad

  • Raudlauk

  • Avokado

  • Salt og peppar ved behov


Framgongsmåte:

  1. Smelt smørklatten på steikepanne.
  2. Steike speilegg av 1-2 egg. Eg føretrekkjer "smilande plomme"!

  3. Medan egga set seg på steikepanna, så legg du på tallerkenen salatblad, bønneblanding, raudlauk og nokre ts avokado. 

  4. Legg speilegga på toppen, finn fram bestikk ...


… og nyt måltidet ditt! Godt, sant vel?