Blomkålsuppe

Det er noko heilt spesielt med suppe som du lagar frå botnen. Her snakkar vi om gode råvarer. Smaken er så mykje rikare, og konsistensen er ein draum! Eg gir tommel opp for mat som gir mennesket godt med næring, og som tilfører god flyt og energi etter at måltidet er inntatt. Prøv blomkålsuppa som eg får dele for Anita Stokke Blomvik. Oppskrifta er henta frå boka hennar "Kvardagsmat", som står heime på min kjøkkenbenk.


Eg gir tommel opp for mat som gir mennesket godt med næring, og som tilfører god flyt og energi etter at måltidet er inntatt.

Ingrediensar:

  • 2 blomkålhovud
  • 1 ss rapsolje

  • Ca 10 dl kylling- eller grønsakskraft

  • 1/2 purrelauk

  • 1 lauk

  • 2 dl heilmjølk

  • 5-6 skiver spekeskinke

  • 1/2 ts salt

  • 1/2 ts peppar


Framgongsmåte:

  1. Del opp lauken, purrelauken og blomkålane i bukettar. Del opp stilken også. 
  2. Middels varm panne; Surr lauken blank, ha i blomkålen og nesten all purrelauken. Spar litt til pynt. 

  3. Hell på kraft og kok opp. La småkoke til blomkålen er mør, ca .15 minutt. 

  4. Del spekeskinka i bitar og brune i panne. Tilset resten av purrelauken. Legg til sides etterpå. 

  5. Plukk ut nokre blomkålbukettar og legg til sides i ei skål. 

  6. Køyr så suppa glatt med ein stavmiksar. 

  7. Tilset mjølka og kok opp. Hugs å alltid røre. 

  8. Smak til med salt og peppar.

  9. Legg tilbake blomkålbukettane i suppa, eller fordele i skåler ved servering - før du ausar suppe over. 

  10. Dryss over skinke og purrelauk, og server med godt brød om du vil.