Bær- bolle

Ja, på godt norsk så blir det vel noko i den retning. Ein bær- bolle, når ein vel å putte i mykje bær! Eg vel oftast ei slik utgåve når eg vil setje ekstra pris på smoothien heime. Då gjer eg den med meining litt meir kremete, pyntar litt før servering og så lèt eg att augane og kosar meg med alle smakane. 


Ingrediensar: 

  • 1,5 dl kokosmjølk (eller anna valfri mjølk)
  • 1 ss MCT- olje (kokosolje/ cocosa kan du også bruke)

  • 1 ss extra Virgin olivenolje

  • 1 ss linfrø

  • 1 ss graskarkjerner

  • 4 valnøttkjerner

  • 1 ss kakaopulver

  • 1 ts honning (eller anna søtning)

  • 2 dl frosne bringebær

  • 30 g frosne brokkoli- bukettar (gjerne meir- dette var det eg fann i frysaren)

Topping:

  • Frosne bær
  • Solsikkefrø

  • Kokoschips


Framgongsmåte:

  1. Blande først frosne bær og grønsaker med alt det flytande. 
  2. Tilset alt det andre og køyr blendaren nokre straksar til du ser at bringebær og brokkoli er godt knust. 

  3. Hell alt over i ei skål. Bruk gjerne slikkepotten til å få med deg ALT det gode frå blenderen!

Det gjer seg for matopplevinga og sansane dine om du pyntar litt på toppen! Finn fram skeia og smak og nyt med det same!