Å setje av tid og fokus til deg sjølv

Mange av oss går rundt i ring og står på helane for andre. Det er ofte nokon som skal køyrast hit eller dit, det er lekser som skal sjekkast, det må handlast mat, huset skrik etter litt merksemd eller du kjenner det er tid for å ta ein telefon eller å besøke nære og kjære. Og for all del, ikkje misforstå. Veldig mykje av dette som skjer i kvardagen er så kjekt å kunne ta del i. Ein vil jo helst ikkje vere for utan desse opplevingane! Og ja, det er ei tid for alt. Nokre dagar kan likevel opplevast himla intense, slik at når kvelden er komt og du tenker å gjere noko for eigen del - så er det berre ørlite av guts og iver i deg til å løfte på beina. Du tek deg i å tenke at; "I morgon. Eg går meg heller ein tur i morgon kveld." 


Kjenner du deg igjen? 

Kva er det du treng for å vere meir tilstades i eiga helse og kjenne på overskudd?

Har du ei veninne eller ein kamerat som du irriterer deg raud og blå over at rekk både eine og hitt gjennom ei kvardagsveke? Og du sjølv blir frustrert over det som du har behov for ikkje blir? Eg er nokså sikker på at du vore inne i gode perioder før. Dagar og veker som inneheldt familieaktivitetar, men også det at du fekk tid og ro til deg sjølv. Og kva var det som gjorde at desse vekene vart så gode for deg?

 

  • Kva gjorde du då? 
  • Kva tenkte du? 
  • Kva sa du til deg sjølv?


Din måte å levet livet ditt på, din livsstil, er viktig å ha ein tanke for. Å vere bevisst og kjenne til dei positive konsekvensane som små, små justeringar kan bety for di helse. Små, men like fullt viktige endringar som du repeterer over tid er dei handlingane som kan bety stort over tid. Difor gir eg klapp på skuldra og heiarop til det mennesket som fokuserer på vegen kvar dag. Det er du som prioriterer deg i små doser kvar dag. Det er eit klapp på skuldra til deg som gjorde nokre feilsteg i går, men løftar blikket og rettar ryggen igjen i dag. Helsa di takkar ja til at du beheld merksemda di langs etter ein raud tråd, heile året. Eg merkar fort at eg lagar meg ein grimasje kvar gong eg les i aviser eller sosiale media om "sommarkroppen", "bikinikroppen" eller ein eller anna "kropp". Du har rett til å trivst i eigen kropp, fordi du tek sunne kvardagsvalg året rundt i ein fin balanse. Gjer du det, så er det ingen grunn til å kave seg opp og fram nokre få veker periodevis i året for å ta sats og kome inn i denne "kroppen". 

Nupen KostogHelse har forskjellege tenester for at du skal kunne holde deg langs denne raude tråden på det jamne gjennom året. Om du treng hjelp og motivasjon til å løyse kvardagsfloken; foreta ei livsstilsendring, så er eg klar til ein ny haust. Kanskje er du klar sjølv, du må berre bestemme deg for å starte? 

Livsstilsendring og vektreduksjon er blant mine to spennande områder å arbeide med. Endå meir tydeleg skrive; livsstilsendring og vektreduksjon er SÅ spennande å samarbeide med deg om!

Nupen KostogHelse kantilby deg to metoder for vektreduksjon og bedre helse og livsstil. Kurs for livsstilsendring (Bruset- modellen) er gruppebasert med kurslengd ca 40 veker. Livsstilskurset rører ved deg som eit heilt menneske; frå indre tankar, kunnskap til fysisk aktivitet, med 8 ulike tema som kjem igjen i 3 modular. Ditt mål og di kontrakt vil vere ei viktig rettesnor for deg og meg som rettleiar og kursholdar. Alternativt, viss vektnedgong er primært ditt mål, kan Ned i vekt med Eurodiet vere kurset for deg. Til likt med Kurs for livsstilsendring er Ned i vekt med Eurodiet gruppebasert, men dette kurset har kurslengd ca 28 veker. Rettleiing, motivasjon, oppfølging, vekt og mål er naturlege komponentar i begge kursa. 

Viss du heller ønskjer å samarbeide med meg ein til ein, så kan Eurodiet òg vere ei løysing. Uansett om du vel kurs i gruppe eller åleine, så er Eurodiet ei tilpassa metode for deg som treng vektreduksjon meir enn 10 kg. Middelhavskostholdet er ein raud tråd for tilnærminga til eit sunnare kvardagskosthold. 

Med fargar, gode smakar, råvarer og næringsstoff er dette eit kosthold til å leve med!

Nedanfor ser du når desse kursa tek til:

  1. Kurs for livsstilsendring: Onsdag 28. august kl. 18:00 - 19:30.
  2. Ned i vekt med Eurodiet: Måndag 16. september kl. 19:30 - 21:00. 


Lurer du på noko? 

Ring 992 55 003  - eller skriv hit: nupenkh@gmail.com. Du kan også sende meg direkte epost via fanen "Kontakt" :-)