Bounty- sjokolade

NO kan vi snakke om skikkeleg DIGG, heimelaga Bounty-sjokolade! Er det noko eg er svak for, så er greia finfin, mørk sjokolade med mykje smak og aroma! Passa fint til gode feiringar, høgtider - men også til laurdagssnopet. Syns du også kokos er himmelsk? Prøv desse!
Ingrediensar:
- 2 dl kokosmjølk (kartong frå daglegvare)
200 g kokosmasse
1 ss sukrin (eller den søtninga du vel - eg føretrekkjer sukrin gold)
150 g mørk sjokolade (sukkerfri og/ eller allergivenleg om du treng)
Framgongsmåte:
- Varm kokosmjølka i ein kasserolle.
Tilset sukrin og rør godt.
Hell væska over i ein bolle og tilset kokosmassen. Bland godt.
Set bollen i kjøleskåp ein times tid, til avkjøling og for at massen skal setje seg.
Smelte sjokoladen over vassbad.
Bruk hendene og forme små pølser; 5-6 cm lange og 2 cm breie. Klem godt saman massen i hendene og få pølsene kompakte. Eg fikk 20 mini- Bounty av denne mengda.
Legg dei små pølsene på ein midlertidig tallerken.
Dypp kvar enkelt i smelta sjokolade. Legg i ei boks eller på eit fat som du kan ha i kjøleskåpet.
Oppbevar kjølig i ei boks.
Gled deg til ein Bounty! Ikkje sluk den i farta, men set deg ned~ og nyyyt! Og hugs å be gjestane dine på ein smak!
(Inspirert etter Greta Bjørkli)